NOREG SIN DEHUMANISERANDE STRATEGI, DEL 14
Fagert er landet
Morgon og kveld glir cruiseskipa inn og ut av dei norske fjordane. Det vakre fjordlandet vårt trekkjer reisande frå fjerne land, som fluge på lort, og godorda sit laust ombord. Ein annan som let vel over landet vårt, var den dåverande amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt. I ein tale i 1942 hylla han nordmenn for motstanden dei ytte mot okkupasjonsmakta, og kom med dei mykje siterte orda : “Look to Norway”.
Godord
Godorda er på sin plass; landet er fagert, oss kan glede oss over høg velferd her heime, he stort engasjement for velferda til folk utanfor landegrensene, og nyt omdømet som menneskerettsnasjon.
Enn so lenge. For korleis behandlar dette solskinslandet sine eigne?
Overgrep mot eige folk
Naustdal kommune ved Førdefjorden er ein del av indrefileten for turismen vår. For fire år sidan sjokkerte denne kommunen ei heil verd, då politi og barnevern utan varsel tømde ein heim for fem små born, det yngste eit spedbarn. Ei heil verd protesterte, og kan takkast for at borna seinare fekk kome heim. Det høyrer med til historia at familien i ettertid laut røme landet for å få fred frå kommunen til å kunne byggje seg opp att.
Norges omdømme i barnevernsaker er ruinert.
Den groteske Naustdalsaka er ei av 26 barnevernsaker frå Noreg, som Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) he akseptert til behandling i den seinare tid.
Straffereaksjonar
I fjor fekk ei norsk familie asyl i Polen. Dette er fyrste og einaste gongen nordmenn he fått asyl i utlandet sidan siste verdskrigen. Noreg reagerte med å utvise den polske konsulen, som berre hadde gjort plikta si og vore til hjelp for landsmenn i Noreg i møta deira med barnevernet.Varsla om overgrep mot eige folk he spurdest lenge, men det kan verke som om oss er for mette til å kunne tru på dei. Dei av oss som he reagert, vert domfelde for påstått trakassering av barnevernstilsette og barnevernsadvokatar, får bekymringsmeldingar til barnevernet, vert dømde for å ha vist bilde av eigne born i sosiale media, og opplever barnevernsadvokat som prøver å øydeleggje arbeidsforhold.
Familiekanalen
Familiekanalen ved
Rune Fardal, vert mest rutnemessig meldt til politiet av barnevernet. Kanalen er m.a. meld for å ha vist intervju med ei mor om erfaringane hennar med denne lukka etaten.
Rune Fardal vart óg meldt til politiet for å ha sending frå Evenes der han omtalde barnevernet der, med bilde av kommunehuset i bakgrunnen. Eit edrueleg politi la vekk begge sakene, men dei krakilske reaksjonane frå barnevernet vitnar om ein offentleg etat som kjenner seg truga av ytringsfridomen vår.
Statleg arroganse
Etter den norske familien fekk asyl i Polen, villeiar statsminister Erna Solberg om forholda der, ved å konstruere ein skilnad mellom dei to landa sine syn på familievald, der Noreg sjølvsagt kom heldigast ut. (Familievold var ikkje tema i den aktuelle saka.) Noke nedlatande av statstministeren dette, etter mi meining. Ein av statssekretærane hennar, Jorunn Hallaråker, vil ikkje vere dårlegare, og kommenterer dei rekordmange sakene som skal behandlast i EMD, med at rettane til born i Noreg står sterkare enn i mange andre land, og meiner det er forklaringa på at det vert debatt om barnevernet!
Er dette et bevisst forsøk på å lure folk, Mari Trommald?
Kjell Ingolf Ropstad
Men høgast på banen gjekk nytilsett barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad med orda: “Det er ikke grunnlag for å si at barnevernet griper inn i saker uten god grunn, slik enkelte kritikere hevder. De barna som barnevernet overtar omsorgen for, trenger omsorg og beskyttelse.“
Domstolene
Øvste politiske og administrative leiing, og domstolane i Noreg ber ansvaret for menneskerettsbrota, og oss veit at dei kjenner seg plaga over å verte kika i korta. Det er berre slik eg kan forstå utsegna til regjeringsadvokat Fredrik Sejersted under behandlinga i Storkammert av saka til Trude Lobben; der ba regjeringsadvokaten EMD ligge unna norske saker!
Nytt syn på Noreg
Jau, utlandet ser på Noreg, men no med nye augo; og dei handlar! Den 7. september vert det demonstrasjonar i 17 land, på minst tre kontinent mot den norske barnevernsideologien; berre i Bulgaria vert det demonstrert i 21 byar. Demonstrasjonane rettar seg ikkje einast mot forholda i Noreg, dei er like mykje ein protest mot overføringane av oljepengar til eigne land for å få innført den norske ideologien der óg. Norske oljepengar vart óg brukte til å få andre europeiske land til å la vere å intervenere i Lobbensaka. Dette er signal gjevne til
Marius Reikerås, som ikkje får ut korrespondansen som kan gjelde dette, frå norske myndigheiter. (
Marius Reikerås er juristen som er prosessfullmektig i Lobbensaka i EMD.)
Noreg utgjer berre 0,6 % av nedslagsfeltet til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Likevel kjem 95 % av sakene til domstolen i år herifrå!
Ei norsk barnevernsak he aldri før vore behandla i storkammeret i EMD. At Lobbensaka kom dit, gjev tru om ein knusande dom mot staten. Trua er styrkt av at partane er kalla til Strasbourg for å få opplese domen.
I april kom boka “Stolen Childhood”, boka om barnevernet, førd i pennen av engelskausterrikske
Steven Bennett. Forordet er skrive av
Gro Hillestad Thune, tidlegare mangeårig domar i EMD.
Oppvåkningen
I talen sin i september for 77 år sidan sa president Roosevelt vidare, at forteljinga om Noreg sidan dei var hærtekne, viser at sjølv om eit demokrati kan vere tregt til å oppdage ei fare, kan det vere heroisk når det er vekt.
Det tok tid før det tilsynelatande sokk inn i EMD at denne skandinaviske menneskeretts-nasjonen systematisk bryt menneskerettane til eige folk.
Den 10. september vert domen i saka til Trude Lobben opplesen i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Då vil det vise seg om Noreg let seg vekkje, og om oss framleis er heroiske.
Margaret Hennum er barnesykepleier med 40 års yrkeserfaring i helsevesenet.
Legg igjen en kommentar